Den populære 17.mai-feiringa startar med felles avgang frå Juvasshytta kl. 10.00. Her trengs ingen påmelding, berre møt opp! Start dagen med raus frukost på BrimiBue, før du pakkar sekken og skia, og tek til fjells. Juvasshytta ligg ca. 40 minutt frå BrimiBue, beregn god tid.
For oppdatering om veg og føre, sjekk Juvasshytta.
Midt i Nasjonalparklandsbyen Lom, der er du midt i vår draum, midt i eit matrike, midt i verda. I denne verda full av smak og matopplevingar, kan du kjenne deg heime, full av forventningar til fjellheimen rundt oss.
BrimiBue er eit lite hotell med 14 dobbeltrom, som ynskjer å vere ein del av di oppleving av moderne tradisjonsgastronomi på din ferd, din opplevingsreise, ditt arrangement. Slik kan vår verden bli ein liten del av din verden.
Vi gler oss til å sjå deg, velkomen!
Om kveldane serverar vi vår kveldsmeny. Ingen av gjestane våre kjenner menyen før dei set seg tilbords. Vi trur at dette gjer kjøkenet betre, sidan kokkane da har meire spelerom med sin kreativitet.
Om sommaren serverar vi i tillegg lunsj på drop-in kvar dag kl. 12.00 – 16.30.
Bur du hjå oss er frukost alltid inkludert. Her vil du få servert eit fat med mest mogleg lokalt pålegg. Vi ynskjer at frukosten på BrimiBue skal vera mest mogleg lik ein god sundagsfrukost heime. Difor ynskjer vi at du bestiller deg bord til frokosten, slik at vi veit når du kjem.
Velkomne til Vianvang, BrimiBue, Lom og Jotunheimen på matkurshelg! Vi inviterar deg til matkurshelg to helger hausten 2024, torsdag til sundag. Bli inspirert av kokkane, Arne og Jotunheimen!
Velkomne på førjulshygge med Arne Brimi, BrimiBue og Vianvang. Vi inviterar deg på adventhelg i fjell og fjellbygd, med gode smakar og full avslapping.